Litt av hvert

Healer Tom Chylewski
Tom Chylewski, healer

En artikkel hentet fra Vikebladet/Vestposten 06.02.2001

Du er ei gammal sjel – På innsteg hos healer Chylewski

Leiv Arne Grimstad 02.02.2001 08:38:45

Tida stod stille nokre sekund då eg las e-posten med invitasjon til ein time hos healer Tom Chylewski, Hareid Hotell, rom nr. 108. Healer Tom Chylewski (38) frå Kolbotn i Oslo er i ferd med å bygge opp eit kundegrunnlag på søre Sunnmøre. I sommar opnar han klinikk på Leikong. Sidan i haust har han hatt bolkar med faste timar på Hareid Hotell. Jungeltelegrafen går, og han har fullt opp å gjere. Skal eg ta turen?

Vikebladet-Vestposten skreiv om han i den andre avisa på nyåret. Med ein påhengd kommentar frå kommunelege Torbjørn Måseide.

Men denne gongen skal verken «dr. Måseide», «dr. Grimstad», «dr. Ljones», «dr. Vollsæter», «dr. Dahl», «dr. Kirkebø Elde», «dr. Hansen Grimstad», «dr. Saunes», «dr. Bjørndal» eller nokon andre doktorar kommentere. Eg har bestemt meg: Eg går som eg er og fortel om det eg opplever.

Eg er ikkje sjuk. I alle fall ikkje alvorleg sjuk, det eg veit. Men eg har mine plager. Blant anna ein ikkje heilt bra rygg, som eg har avfunne meg med som eit kronisk tilfelle. Skulle eg ha eit påskot til å gå til ein healer, måtte det vere den tiltakande uttrøyttinga av augene. Småbetent rundt augehola, tendens til langsyn, anstrengt når noko kjem for nært. «Du er klar for briller», seier dei omkring meg. Etter mykje skjermjobbing hender det at eg ser dobbelt på TV-skjermen om kvelden. Fotballkampar som endar 2-2, endar gjerne 22-22 i min versjon.

På plass

Eg entrar healing-salen, eit ordinært hotellrom med to senger opp mot kyrkja og kyrkjegardsmuren. Kvite laken, kvite puter og kvite dyner på senga. I alle fall tre stolar rundt omkring i romet. Hotellvertinna kjem med kaffi. Vi sit i kvar vår stol, avslår fløte og «varmar oss litt på kaffien», som Chylewski formulerer det. Han er ein vennleg mann, må eg seie. Og på ingen måte påtatt vennleg. Eg har alt kvalt den tanken eg hadde i bilen på veg til seansen; at eg risikerte å bli offer i ei åndeleg valdtekt. At healaren kom til å lese skrifta for meg, legge handa si på panna mi, trykke til og be meg overgi meg. Eg forstod alt no at det ikkje var slik. At det ikkje kom til å bli slik. Eg trudde ikkje lenger at eg kom til å måtte gå ned på «troens syv hundre favners dyp», som Kierkegaard seier det, for å bli frisk, om eg i det heile tatt var sjuk. Chylewski ville ikkje bry seg det døyt om mine traudige dagar ved dataskjermen – med korrekturlesing, retting, pendling mellom adope fotoshop, quark express, finder og first class, eller kva dei kallar seg, desse mikrovegane som eg meir og mindre motvillig har late invadere kvardagen min. Dette kom til å bli noko anna.

To delar

Chylewski opplyser at healing-timane er delt i to; samtale og handspålegging. I og med at eg også er journalist på oppdrag, blir samtalebolken større enn det vanlege. Vi brukar ein del tid på spørsmål og svar. Eg får blant anna vite at Chylewski bygger på enneagrammet, ei form for kristen mystikk, og numerologien i jødisk kabala. Det gjer meg ikkje så mykje klokare, og eg blir slett ikkje beroliga når Chylewski fortel at namnet mitt og fødselsdatoen min er nøkkelen til det heile ... men utan å ha noko som helst med astrologi å gjere. Sjela mi, fortel Chylewski, – har ei jordisk og ei hinsidig referanse – og ingen sjeler er like. Den identiteten vi er fødde med er uavhengig av foreldra våre. I staden for å seie at barnet er eit produkt av foreldra sine, seier Chylewski at det er barnet sjølv som vel foreldre! Sjelene våre er nemleg på vandring. – Vi menneske i dag har vore menneske før i andre tider. Dei sjelene som har gjort frå seg ei oppgåve, er i himmelen til dei får nye oppgåver. Meir utfyllande vågar eg ikkje å skildre Chylewski sine tankar om sjelevandring og re-inkarnasjon, av omsyn til presisjonen. Chylewski går derfor ikkje etter symptomar, men arbeider utifrå årsak. Han bryr seg ikkje om utsletta mine, prøver i staden å «lese» sjela mi, sjølve personlegdomen min. La gå med sjelevandring, som eg med min forstand verken kan avsanne eller stadfeste. Men å godta at namnet mitt – Leiv Arne – og fødselsdatoen – 27. juli 1951 – skulle kunne vere ein inngangsport til forståing av min personlegdom – finn eg mildt sagt vanskeleg å svelgje. Korleis kan nokon lese noko så samansett og omfattande i to så tilfeldige nedslag? Etter at eg har gitt frå meg namnet og fødselsdatoen tek Chylewski til med å fylle ut eit skjema med rubrikkar og kolonner. Han er i sving med numerologien! Eg stryk meg over haka. Og medan han summerer, og samtalen er open, konstaterer han at eg har ei høg panne og cirka 45 graders nasevinkel. Tyding av hovud- og ansiktsform har med frenologi å gjere, fortel han. Om 45-graders naseryggar seier han blant anna at menneske med slike, rette naser er nøkterne og rasjonelle – medan dei som har svak krumming og kul – som eg – er kreative. Men også hender gir vink om legning: At veslefingeren min er bøygd, tolkar Chylewski til at eg slit litt med å vere leiar. Eg er ingen førar. – Potensialet mitt, seier Chylewski – og summerer – ligg i å skrive. Det var kanskje ikkje noko bombe, ettersom han må ha visst at det var ein journalist han inviterte. Når eg så fortel at eg hadde ganske dårlege norsk-karakterar til eksamen artium, forklarer han det med at eg ikkje er den typen som får gode karakterar på skulen. – Det gjer først og fremst slike som er skriftlærde på ein rasjonell måte, forklarer han. – Di evne ligg i at du har fantasi til å sjå ei historie ... – Og skriveevna di utviklar seg i desse dagar, lovar han meg. – Ting losna for deg i ein viss alder, legg han til. – Når? spør eg. – Ein stad i slutten av 30-åra og tidleg i 40-åra. Du fekk ei type innsikt som gjorde det lettare for deg. Han meiner at eg også fann sinnsroa om lag på denne tida. Dessutan er eg eit skjult musikartalent, men ingen songar. I det same han har sagt det siste, påstår han at eg pustar feil. Eg er kortpusta. – Du må bruke magen meir! seier han. Eg er litt usikker på om det Chylewski har sagt til no kjem frå dei fysiologiske trekka mine – eller han har rekna seg fram til det. Og blir det ikkje vel mykje smiger? Prøver han å få meg positivt innstilt før healingen? – Du er ei gamal sjel! hevdar han. – Korleis, då? spør eg. – Du har erfart mange prøvelsar! Vel, det kan diskuterast. Eg reknar meg som eit priviligert menneske som har opplevt lite vondt. På den andre side har eg hatt mine vonbrot og nedturar. Men når Chylewski antydar at eg er skild, må eg nekte for det – sjølv om eg kanskje kunne ha vore det. Og faktisk høyrer eg han seie at eg kanskje kan ha vore skild to gonger – noko som får meg til å leike med den absurde tanken «å kunne ha vore skild to gonger» ... Eg konkluderer med at han må ha «sett» to nedturar i livet mitt – og at dei mange prøvelsane mine høyrer heime i liv før dette. Eller la han merke til at eg mangla giftering?

At Chylewski kan ha sett seg grundig inn i mitt private liv før han inviterte meg, har leika seg i hugen min. Enn om? Men sidan han lurer på om eg har vore skild både ein og to gonger, slår eg frå meg tanken og tek det i staden som eit prov på det motsette: Han veit ingen ting, anna enn at eg er journalist! I alle fall er eg som skapt til å arbeide i media, hevdar han – og antydar TV-opptredenar og slikt. Men på det området har eg knapt strekt det lenger enn til å vise nokre lysbildeserier i den lokale hjerte- og lungeforeninga. Ambisjonane mine er i utgangspunktet å vere på farta med ting som skjer, meiner han. Få tilfredsstilt nysgjerrigheita på det som skjer i livet. Og i den fasen eg no er, er det viktig å meditere og filosofere. – Naturen gir deg sinnsro! seier han. Det stemmer. – Gå og vere i terrenget. Tenke. Det likar du! Finne løysingar ved å ta ein tur. – Bevegelse i skog og natur er best for deg, meiner han og frårår i det same Zen-meditasjon – utan at eg veit kva det er. – Du er svært oppteken av natur, påstår han. – Veit du at eg har skrive ei bok om Sunnmørsalpane? spør eg. Overhode ikkje! Han veit ikkje om boka eingong. – Eg har gått over Island, seier eg før eg gir han fullstendig rett og sannar at temaet er uttømt.

– Men du dvelar for mykje før du tek eit val, påstår han. – Du fryktar for mykje å gjere forandringar i livet. Eg ser ikkje bort frå at det også er sant.

Healing

Då går vi over til healingen, den «fysiske» sida av behandlinga – i den grad strålar ut frå «det hinsidige» kan reknast som fysiske. Vi har hatt ein svært god samtale. Det har vore ei skjerpa og opphøga stund. Vi har også hatt litt tilleggsmoro med å påvise at Chylewski faktisk er fødd like ved barndomsheimen min. Han kom nemleg til verda på Aker sykehus i Oslo kvelden 17. mai 1962, på eit tidspunkt då eg truleg låg i etasjesenga i andre høgda på guteromet i Disenveien 16 – cirka 200-300 meter i luftlinje frå fødestova. Utan at eg dreg det inn i den aktuelle sakssamanhengen. Men det liknar slike opplevingar du kan ha under ein Syden-tur: Brått står du på ei strand i Spania og snakkar med han som kjøpte den første bilen din. Eg legg meg i senga. Av med joggisane, men med kleda på. Magen opp, ryggen ned. Chylewski opnar med å trykke meg mellom tærne – like opp under smerteterskelen – og gjer det same på utvalde punkt oppetter leggen, rundt knea og låra. Det er ein slags akupunktur. Han trykker meg også over brystbeinet og grafsar meg litt i magen. Så let han den eine handa ligge ned mot magen min medan den andre flyttar seg fram og tilbake – nedover beina og opp mot halsen og rundt omkring, heile tida i om lag fem cm avstand frå kropp og klesplagg. Eg kjenner varme! Først og fremst i magen, som den eine handa ligg på. Men også i området under den handa som heile tida flyttar seg. Ikkje så intenst som i magen, men ei mild, varm stråling. Som journalist spør eg likevel meg sjølv om eg kan vere offer for ein placebo-effekt; at det er sjølve forventninga om strålevarme som får meg til å føle varme. Ville eg ha følt det same dersom ein kven som helst annan person «bestrålte» meg? Ville eg ha følt det same dersom Chylewski «bestrålte» meg utan at eg visste det? Chylewski illustrerer situasjonen med at eg er lyspæra, han er leidninga – og stikk-kontakta sjølve stasjonen som all kraft kjem frå – Gud. Men også Chylewski føler ting. Han kan opplyse at der er noko i veikryggen min, som eg også har fortalt han om. Men først og fremst føler han noko i nakken min, på mi venstre side. Så ymtar han frampå om at den eine nyra mi ikkje er heilt god og at eg har litt trøbbel med tolvfingertarmen. Noko eg verken kan stadfeste eller avkrefte, men tek som ikkje heilt utenkeleg. Merkar eg noko bortsett frå varme? Ja, det tek til å pipe i magen. Først vibrerer det lett, som når det rykker i små muskelfibrar. Så pip det. Ei slags mjauing. Først trur eg det er i Chylewski sin mage det mjauar. Noko eg av rein høflegheit unngår å nemne. Men Chylewski kjem meg i førevegen og fortel at det er min mage som mjauar – og at det er ein naturleg konsekvens av «bestrålinga». Det held på med slik piping i 3-4 minutt. – Det er spenninga som blir borte, fortel han, – og dermed tek væskene til å strøyme og renne – som dei skal. Eg har hatt ei fin stund. Ryggen kjennest bra, augene er enno anstrengte, men kanskje går det over om ei stund.

Om kvelden ser eg TV utan å sjå dobbelt, og om føremiddagen dagen etter blir der ein viss våtgang i augene – av uvisse årsaker. Eg trur eg står over lesebrillene.

I alle fall nokre dagar.

Vikebladet/Vestposten